Gardsbryggeri
Mo Laksegard har bygd eige gardsbryggeri og har løyve til å produsera
og servera eige øl og eigen vin. Tradisjonane med å bryggja øl
på Mo er lange. Me tek deg med på omvisning i gardsbryggeriet og fortel
om ølbrygginga i fortid og nåtid. Det vert servert smaksprøvar under guidinga.
Tid: 20 min Pris: 165,- pr. pers. Meir om brygging: www.brygging.no