Å nyta fred og ro i naturen likar dei fleste. Kva er vel bedre enn å kjenna at ein kan senkja skuldrene og gløyma kvardagens ansvar. Slik føles det når ein set seg rundt bålet i villmarksleiren i saman med godt lag. Mo Laksegard har 2 villmarksleirar du kan velja mellom, den eine ligg i skogsområdet eit steinkast frå Laksegarden, den andre ligg ved bredda av Suldalslågen. I villmarksleirane kan ein få mat servering og det er full skjenkerett. Kvifor ikkje ta med gode venner, kollegaer eller familie på ein minnerik tur i villmarksleir.