Elveekspedisjon


Dette er ein  ekspedisjon som gir deg eit innblikk i historie og nåtid i bygda.
På  gummiflåtar som rommar inntil 15 personar tek vi deg med nedover Suldalslågen, og frå guiden som er med i båten kan du få høyra om historia til dalføret og  elva, om Lakselordar og Lakseslott. Halvvegs ned den 3 km lange turen stoppar me i villmarksleiren vår ved elvebreidda, går i land og kokar kaffi/te og kosar oss rundt  leirbålet. Dei som er med får utlevert panner og  steikjer sine eigne pannekaker over bålet. Turen endar med omvisning ved Sandsfossen og Laksestudio saman med lokal guide.


 

Tid: 2,5 timar
Pris: 495,- per peson
Min. antal: 6 personar

Elveekspedisjon i Suldalslågen
Klar til elveekspedisjon
Laga pannekaker over bålet