Iført tørrdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt med straumen i
Suldalslågen. Nokre stader så grunt at det følest som ein
må knipe inn magen for ikkje å skrape mot dei flate steinane på elvebotnen,
andre stader passerer du hølar meir enn 12 m djupe. Dette er eit
natureventyr av ei anna verd. Ein laks piler forbi, ein anna står og stangar
mot straumen. Vegetasjonen under vatn skifter mellom grøne vassplanter,
fin sand og lyse, glatte steinar. Ein guide flyt med gruppa i vatnet, ein guide føl gruppa i kano.